Romanisang med norsk oversettelse
Rommano Kjavo / Rakklo
Ninna vil jag jija je tikno jijepa,
det honkar om de tavringar som pala drommen jar.
Om sassaro de kjavoar som jalar sigd og lett
i kjetani med natan uti vandringsjiddanet.
Ja, kjeien miros honkar så låssjano og fri,
for dåva honkar avad ut av hårta rommani.
Hon kammar sjukkra jakkar og kalot sjukkart bal,
hon føljer ninna miros igjennom vessj och dal.
Refreng
Hei, rommano kjavo, kamma rommano kjei!
Hei, rommano kjavo, bessja stadia pre snei!
Hei, rommano kjavo, kamma rommano kjei!
Honkar diro tavring, så ava diro kei.
Og vårsnus traddrar drommen med kjakkjot barot mot,
og trissar but med tavringar från både sør og nord.
Og nåna ava traddranes med vårdin og med grei,
og nåna jar pre piroane, åppre vessj og vei.
Vi trissar but med tavringar som pala drommen jar.
Ja, det var Wigert'ar og Trondhjem'ar og Stor-Johans kar,
og Palm'ar og Holm'ar som traddrar mil pre mil.
De mangar og de kjinnar og jijar sjukkra lav.
Refreng
Hei, rommano kjavo, kamma rommano kjei!
Hei, rommano kjavo, bessja stadia pre snei!
Hei, rommano kjavo, kamma rommano kjei!
Honkar diro tavring, så ava diro kei.
Så jar vi åppre vessjan og bessjar måstan pre,
og rakkrar lite nevot om manusj og om fe.
Så bessjar vi ved jaggen og tøyar sambuna.
Vi spekkrar og vi jijar og kammar kellipa.
Og avar det nån buro og golar kjeriat,
så sikkar vi 'en tjuroen så hajjar han nok att,
og avar han med jukklon og trassjar med sin kjepp,
så sikkar vi 'en kjukknian, da prastar han nok vekk.
Ja, savot har vi traddrat i beng så but med bærsj,
å buron pre våss basjar, men vårsnus er kji trassj.
Vårsnus som ut a ratten honkar hårta rommani,
åppre drommen honkar vårsnus, låssjano og fri.
OMSETJING / ROLF THEIL
RommanogutNo vil eg syngja ein liten song
det handlar om dei taterar som etter vegen går.
Om alle dei gutane som går raskt og lett
i saman med kona uti taterlivet.
Ja, jenta mi er så lukkeleg og fri,
for ho er komen ut av ekte rommani.
Ho har vakre augo og svart vakkert hår,
ho fylgjer no meg igjennom skog og dal.
Refreng
Hei, rommanogut, elsk rommanojente!
Hei, rommanogut, set hatten på snei!
Hei, rommanogut, elsk rommanojente!
Er du tater, så kom du hit.
Og me køyrer etter vegen med eit verkeleg stort mot,
og møter mange taterar frå både sør og nord.
Og nokre kjem køyrande med vogn og med hest,
og nokre går på føtene, i skog og på veg.
Vi møter mange taterar som etter vegen går.
Ja, det var Wigert'ar og Trondhjem'ar og Stor-Johans kar,
og Palm'ar og Holm'ar som køyrer mil på mil.
Dei tiggar og dei kjøper og syng vakre ord.
Refreng
Hei, rommanogut, elsk rommanojente!
Hei, rommanogut, set hatten på snei!
Hei, rommanogut, elsk rommanojente!
Er du tater, så kom du hit.
Så går me opp i skogen og set kaffien på,
og snakkar litt nytt om folk og om fe.
Så ligg me ved bålet og røykjer pipe.
Me spelar og me syng og dansar.
Og kjem det ein bonde og skrik stygt,
så viser me han kniven så fer han nok att,
og kjem han med hunden og skremmer med sin kjepp,
så viser me han svepa, då spring han nok vekk.
Ja, slik har me reist i faen så mange år,
og bonden på oss skjeller, men me er ikkje redde.
Me som er av blodet er ekte tater,
på vegen er me, lukkelege og frie.
GJENDIKTING / ROLF THEIL
Rommanogut
Eg syngja vil ei visa som stutt og liti er,
det handlar um dei taterar som etter vegen fer.
Det er um alle gutane som gjeng so raskt og lett
i saman med si kona uti taterlivet hett.
Ja, gjenta mi ho er no so lukkeleg og fri,
for gjenta mi er komi ut av ekte rommani.
Ho hev so vakre augo og svart og vakkert hår,
ho fylgjer alltid med meg når eg gjenom skogen går.
Refreng
Hei, rommanoguten, elsk ei rommano kjei!
Hei, rommanoguten, set no hatten din på snei!
Hei, rommanoguten, elsk ei rommano kjei!
Er du ekte tater, so kom hit og ver grei!
Me køyrer etter vegen og djervskapen er stor,
og møter mange taterar frå både sud og nord.
Og sume kjemer køyrande med både vogn og hest,
og sume gjeng på føtene, igjenom vind og blest.
Me møter mange taterar som etter vegen gjeng.
Ja, Wigert'ar og Trondhjem'ar og Stor-Johan sin dreng,
og Palm'ane og Holm'ane som køyrer land på tvers.
Dei tiggar og dei kjøper og dei synger vakre vers.
Refreng
Hei, rommanoguten, elsk ei rommano kjei!
Hei, rommanoguten, set no hatten din på snei!
Hei, rommanoguten, elsk ei rommano kjei!
Er du ekte tater, so kom hit og ver grei!
So gjeng me upp i skogen og kokar kaffi sterk,
og talar litt um tidend um folk og fe og verk.
So ligger me ved bålet og røykjer pipa mild.
Me spelar og me synger og trør i dansen vill.
Og kjem det so ein bonde og skriker frykteleg,
so viser me han kniven - då fer han nok sin veg,
og kjem han so med hunden og skremmer oss med kjepp,
så viser me han svepa vår, då spring han saktens vekk.
Ja, soleis hev me fare i fa'n so mange år,
og bonden på oss skjeller, men like fast me står.
For den som er av blodet ein ekte rommani
han gjeng langsetter vegane, so lukkeleg og fri.
Copyright © by Samlested for romanifolket All Right Reserved.